

TUBESNAKES (no) til Skånevik Bluesfestival 3 juli 😀💥
Tubesnakes er eit knall bluesband frå Stord som har vore aktiv i bluesmiljøet i Noreg i over 30 år.⭐️
Bluesrockarane har i løpet av desse åra spelt på utallige konsert-, klubb-og festivalscenar i Noreg og USA. Bandet er no aktuelle med albumet “Navasota TX.” som vart spelt inn i nemnte stat. Dei flørtar stadig med fleire sjangerar i blueskategorien. Men gjengs for det heile er stor speleglede, innleving og trøkk samt gitar- og Hammondtiradar. Tubesnakes spelar musikk fra bandets rikhaldige repertoar med orginale låter og bluesklassikerar fra sine snart 30 år på vegen.
Tubesnakes er:
Rolf Martin Haldorsen gitar og vokal
Per Kenneth Hauan tangentar
Johnny Stensletten bass
Per Inge Stensletten trommer