FYK er eit energisk ungt band som med sin speleglede og energi skapar konsertopplevingar som alle kan setje pris på. Bandet hentar inspirasjon frå pop/rock, funk og blues. Med drivande orgeltonar, deilige gitarriff og tekstar på norsk dialekt, gir dei alt for å gi publikum musikkopplevingar som treff rett i ryggmargen.
«FYK For Faen» er det etterlengta debutalbumet til bandet FYK, med musikk som strekk seg frå sarte powerballadar til dansbare discolåtar og vidare til bygderock og allsong. Her er det altså noko som alle kan setja pris på. Hurra!
Produsert av Kjetil Ulland i ABC Studio. Etne.