Skip to content

Med John Mayall And The Bluesbreakers, Rod Piazza & The Mighty Flyers, Roy Rogers & The Delta Rhythm Kings, Angela Brown & The Migthy 45’s og Luddy Samms & The Deliverers som artistar måtte festivalen bli ein kjempesuksess – enno ein gong. Ein av verdas beste slidegitarister var full av undring over korleis ei lita bygd som Skånevik kunne klara å arrangera slik ein storslått festival. Fleire tusen gjester koste seg i det strålande veret.

John Mayall And The Bluesbreakers (UK/US)
Det er ein av dei verkleg store bluesartistane i verda som i år gjestar Skånevik Bluesfestival. John Mayall And The Bluesbreakers kjem frå ein omfattande turne i USA og Europa til Skånevik i juli. Mayall bli rekna som ein levande legende – hærføraren for den engelske bluesinvasjonen som rulla inn over Europa på 60/70-talet og som framleis kan trollbinda eit stendig større bluesinteressert publikum.

Mange kjende rock – og bluesartistar har blitt inspirerte av Mayall. Han oppdaga og lærte opp Eric Clapton, Peter Green, Mick Fleetwood og Mick Taylor for å nemna nokon. Mange framtredande musikarar har vore med i The Bluesbreakers.

John Mayall blei fødd i Manchester i 1933 og han var tidleg opptatt av jazz og blues. Og etter deltaking i Koreakrigen starta han gruppa The Powerhouse Four i 1956 og etter det The Blues Syndicate. Mayall trakterer både keyboard, munnspel og gitar og han er ein dyktig vokalist, komponist og tekstskrivar. Det var først etter at Alexis Korner oppdaga han i 1962 og fikk han til å flytta til London, at karrieren starta på alvor. John Mayall starta no den profesjonelle karrieren under namnet John Mayall’s Bluesbreakers. Etter ein del utskifting av musikarar møtte han Eric Clapton som gikk inn i gruppa. Dette resulterte i den første store hit albumet for gruppa. Sjølv om Clapton slutta etter nokre år for å danna Cream fortsette suksessen til John Mayall og gruppa hans. John Mayall fikk etter kvart staus som ein stor, hardtslåande tolkar av Chicagobluesen samstundes som han oppdaga og vidareutvikla nye bluestalent.

I 1968 flytta John Mayall til California og han begynte å gi ut plater med forskjellige med forskjellige musikarar. Populariten blomstra i USA og den akustiske plata The Turning Point med songen Room To Move blei ein rockeklassikar. Gjennom 70-talet spelta han samen med mange store amerikanske jazz/rock/bluese-artistar og deltok saman med John Lee Hooker og T-Bone Walker på deira første Englandsturne.

På slutten av 70 – talet var interessen for blues nede i ein bølgedal. Dette påvirka sjølvsagt også interessa for John Mayall og han måtte kjempa for karrieren sin. Samstundes førte han ein kamp på det personlege plan.

Etter kvart snudde alle vindane i ein positiv retning for John Mayall. Han vant over dei personlege problema og bluesinteressa blant publikum auka. I 1983 fikk han danna ein ny og stabil utgåve av The Bluesbreakers. Frametter 80 – og 90 talet har John Mayall And The Bluesbreakers haldt mange konsertar med stor suksess rundt om i verda. Som døme kan ein nemna at konsertane med Coco Montya og Walter Trout som ein del av Bluesbeakers ofte tok heilt av . Samstundes har han gitt ut nye plater ( 43 i alt) og på den siste Padlock On The Blues i 1999 hyller han den tidlause bluesen som inspirerte han som ung. Med seg på plata har han sin gode venn John Lee Hooker. I 1994 var han Grammy-nominert for albumet Wake Up Call. I mai i år kjem han ut med ein ny CD (Along For The Ride) der mange av dei kjende ”elevane” hans deltek

I dag er John Mayall And The Bluesbreakers eit svært ettertrakta band med denne besetningen: Joe Yuele – trommer, Buddy Whittinton – gitar, Hank van Sickle – bass og Tom Canning – keyboards. Sjølv om Mayall er 67 år viser han ingen teikn på at han vil ta det roleg. Han har store planar for å halda bluesen levande i mange år enno. Vi vil avslutta med orda til Eric Clapton: John Mayall has actually run an incredibly great school for musicians.

Luddy Samms & The Deliverers (US/UK)
Saman med eit orkester på 10 mann set Luddy Samms Bluesteltet i fyr med soulblues og ei fantastisk stemme. Han vert ofte samanlikna med stemmen til Ottis Redding, energien til James Brown, karismaen til Sam & Dave og krafta til Wilson Pickett.

Besetningen består av Luddy Samms, + keyboards, gitar, bass, trommer, 4 blåsarar og 1 backing vocal.

Dette vil bli ei oppleving i rytme og speleglede som få kan visa til.

ROD PIAZZA AND THE MIGHTY FLYERS (US)
Rod Piazza og dei mektige flygarane vert i dag rekna som det tettaste, beste og mest samspelte bluesbandet i som er ute på vegane i USA. I 1999 og 2000 vant dei WC Handy Awards – bluesen si Oscar-utdeling. Dei har vore nominert til same prisen mange gonger og har vunne eit uttal av andre prisar.

Leiaren Rod Piazza er ein glitrande bandleiar og ein av verdas beste bluesartistar på munnspel. Han slepp gjerne til dei andre medlemmene med soloar. Kona Honey på piano spelar gjerne solo akkompagnert av trommeslagar Steve Mulligan. Dei andre i gruppa er Rick Holmstrøm, supergitarist med slekt frå Sverige og Bill Stuve.

Bandet har ei stor utstråling på scenen og legg sjela si i kvar einaste konsert. Svært få bluesband klarar å skapa ei slik stemning som Rod Piazza AND The Mighty Flyers.

Her er nokre andre omtalar av bandet:

..Sometimes, if you are lucky, you go see a band that enjoys what it is doing so much that the energy it radiates to the audience just makes you want to jump up and «clap your hands and snap your fingers». Rod Piazza and the Mighty Flyers are such a group. Catch them whenever you get a chance and I bet that you will leave with smile on your face and one of their tunes on your brain!

…Rod Piazza began his musical career in Los Angeles in 1965, when he formed the Dirty Blues Band at the age of 18. They released their first record in 1967, which was quickly followed up by a second album in 1968. Rod joined his long – time mentor, George “Harmonica” Smith, Muddy Water’s former harmonica player, to form the double harmonica outfit Bacon Fat. It was through George that Rod learned the power of a dynamic stage performance and developed his prodigious harmonica talents.
Rod met Honey in 1973 and after an off and on musical relationship, they began to perform regularly together in 1976 as the Rod Piazza Blues Band and the Chicago Flying Saucer Band, before forming The Mighty Flyers with long time bassist, Bill Stuve.
The Mighty Flyers feature the elite of the Blues world, each a star in his or her own right. Honey Piazza on piano showcases her prodigious talents, her duets with drummer Steve Mugalian in concert consistently bring down the house. Long time bassist Bill Stuve has released 2 solo records on his own and his popping bass lines hold the Flyers sound together. Guitarist Rick “L.A. Holmes” Holmstrom, whose own solo CD, “Lookout !” in 1996, established him as a modern day master in the mold of T – Bone Walker and Pee Wee Crayton. Bringing them all together is bandleader Rod Piazza who is an unparalleled harmonica playinger.
Not content to live on his reputation or rehash old standards, Rod continues to push the music and his playing in new directions. The music is fresh, innovative and moving, all stamped with the Mighty Flyers dynamic musicianship and Rod’s soulful vocals and distinctive and electrifying harmonica playing.

Roy Rogers & The Delta Rhythm Kings (US)
Roy Rogers vert rekna som ein strålande slide-gitarist. Han kjem saman med The Delta Rhythm Kings til Skånevik Bluesfestival fredagskvelden. Dette vert ein kveld du seint vil gløyma. Bonnie Raitt – ein av verdas beste slide – gitaristar seier det rett ut: …“His playing knocks me out as simple as that», says Raitt. «Roy is one of the most authentic interpreters of modern blues. He’s a real master man who has spent so much time getting in touch with and really honing in on his craft. He’s not an ivory-tower kind of player; he has a real understanding of a lot of different blues idioms”..

Roy Rogers har vunne mange prisar over heile verda. Døme på dette kan vera Australian Blues Society, w. c. Handysis, nominasjonar til Grammy og mange Bay Area Music Award. Han har gitt ut mange plater og vert også rekna som eit svært dyktig produsent.

I 1980 danna han gruppa The Delta Rhythm Kings og dei heldt framleis samam sjølv om Rogers innimellom har turnert verda rundt og spelt inn plater saman med mange andre kjende artistar. Ein kan til dømes nemna John Lee Hooker, Allen Toussaint, Miles Davis og Taj Mahal.

Roy Rogers har fleire gonger gjesta Kongsberg Jazzfestival og Notodden Bluesfestival. Kvar einaste gong har han imponert det kravstore publikummet og pressa. I 2001 besøkte han Skånevik og gjorde ein flott konsert.

Skånevik Bluesfestival ser verkeleg fram til å ha Roy Rogers & The Delta Rhythm Kings som gjestar. Vi veit dei vil skapa kjempestemning i det store bluesteltet.

Angela Brown & The Mighty 45’s (US/UK)
Angela Brown syng gospel og bluesballadar med den same perfeksjonisme som ho syng rå- eller svingblues songar. Ho har bakgrunn som songar i eit skulekor og vaks opp med blues i heimbyen Chicago. Likevel opptredde ho ikkje som bluesartist før ho i 1980 åra var Bessie Smith i ein kritikarrost musikal. Etter denne musikalen begynte ho å opptre i bluesklubbar i Chicago, ofte saman med Little Brother Montgomery. Snart blei ho kalla 80 åras Bessie Smith og ho blei også samanlikna med andre store artistar som Dinah Washington og Nina Simone.

Angela besøkte Europa for første gong i 1982 med The Chicago All Star Band. Ho har budd i Tyskland og ga ut sitt første album der i 1987 med tittelen The Voice Of Blues.

Ho har det britiske bandet The Mighty 45’s med seg til Skånevik Bluesfestival. Dette bandet spelar Chicago Blues og Texas Blues like godt som funk, jazz og rock. Saman med Angela sin flotte stemme og sceneopptreden vil du få eit varmt møte med The Hot Lady and The Mighty 45’s.

Litt frå NRK om konserten på Notodden i fjor: Enda svettere var det på konserten med Angela Brown på Rallar’n pub. Jeg opplevde Vidar Busk i to og en halv time samme sted i fjor, og med en så nær og engasjert artist som Angela Brown fungerte det utmerket. Hun er lansert som arvtageren etter Bessie Smith, og når hun drar i gang gospellåtene sine er det også nære linjer til Mahalie Jackson. Dama har også en fantastisk stemme, og publikum på Rallar’n satte stor pris på henne. Det er svært tett mellom scene og sal her, og hun fikk flere ganger en slurk øl av publikum for å kjøle seg ned.

Tommy & The Runaway Boys (N)
Tommy Kristiansen frå Dale i Hordaland (der de lager så fine gensere og lusekofter), er ein av Noregs mest talentfulle unge bluesgitaristar.

Han har vært på vegen i fleire år tross sin unge alder, og me som følgjar ham, merker framgong nærmast frå månad til månad. Tommy og hans Runaway Boys er store publikumstreffare på fleire festivalar og klubbar. Tommy Kristiansen er også ein fin vokalist og han har nå utvida bandet med Lars Hammersland på orgel. Elles er kompet det same: Ørjan Borge på trommer og Øystein Langhelle på bass.

Frå å vera eit rent rockabilly – og bluesband, har Tommy & The Runaway Boys utvikla seg til å bli eit band som spruter av energi og livslyst med rufsete rock and roll-blues som grunnlag. Gutane er heilt klart eit av dei mest spennande banda i Noreg akkurat nå og er å sjå og høyre på mange festivalar og klubbar over heile landet.

Dei har gitt ut CD`ene ”Swing, Shake & Boogie” (april 02) og ”Crazy Jane” (april 03). Begge er utseld frå lager. Tommy & The Runaway Boys gjer mellom 50 og 60 spelejobbar i året.

Dagny Christophersen m/Blues Project (N)
Blues Project er eit lokalt bluesprosjekt som har vore fast inventar på Skånevik Bluesfestival sidan starten i 1997.

I front har bandet Dagny Christophersen som har fått mange lovord for sine framføringar på festivalen. Stavanger Aftenblad omtale henne som eit av høgdepunkta på festivalen for to år sidan..

I følge tradisjonen vil nok storebror og festivalgeneral Alf Warloe entre scenen med utvalde bluessongar på repertoaret.

VIDAR BUSK Blues-X-perience (N)
Vidar Busk er ferdig med 50-tallet. Nå er 60 og 70 tallet som står for tur. Med hans nye konsept «Vidar Busk Blues -X-perience» blir det mer soul og storbyblues alà Otis Rush, Alber King og Johnny «Guitar» Watson.

En power trio bestående av Vidar på gitar, Martin Windstad, trommer og Bjørn Holm på bass, som spiller eletrisk blues som både har swing og funk i seg. Eller som Vidar selv sier: » Fra 60-talls Chicago blues til 70-talls New Orleans funk, fra Hendrix rock til surf og garage».

Dette konseptet har mer fokus på Vidar «The Guitar Hero». » Dette er en del av bluesen som jeg lenge har hatt lyst til å gjøre, og som trio er det mere rom for spontanitet!!!».
Vidar Busk har hatt et fantastisk år bak seg. Nominasjon til årets spillemann, årets mannlige artist på Hit Awards og bortimot 70 konserter bare i år med sitt True Believers. I sommer har han vært vært ute i Europa og spilt på flere store internasjonale festivaler. 2 konserter på prestisjefylte Montreux Jazzfestival, 3 konserter på Lusern Blues Session(begge i Sveits), Meer-Roots festivalen i Belgia, Notodden Internasjonale Bluesfestival og 3 fantastiske konserter på Molde Jazzfestival.

Jan Flaaten & His Blue Taste Buds (N)
Jan Flaaten deltok på oppstarten av Skånevik Bluesfestival. Han er kjent for å skapa stor bluesstemning og får publikum i fyr og flamme. Han har tidlegare vore musikalsk makker til Bjørn Berge.

Roller Coasters (N)
Roller Coasters er eit 5-manns bluesband frå Sunnhordland, nærast identisk med eit av dei mest populære bluesbanda på Vestlandet i 1980-åra, Husnes Blueslag.

Dei har i dag munnspelaren Tore Hartvik Kristensen med seg. Han hadde sitt eige sagnomsuste band på sytti- og åttitalet; Hartvik And The Heartbreakers, hvor bl.a.Knut Reiersrud var med.

Roller Coasters starta opp igjen i 1995. Sidan den gong har dei blant anna spelt på fleire festivaler og bluesklubbar. Bandet spelar i like stor grad sjølvkomponert stoff som coverlåtar.

Roller Coasters har følgjande mannskap:
Håkon Røstbø – Vokal og Gitar
Tore Hartvik Kristensen – Harpun og vokal
Finn Tore Hellesen – Gitar
Ole Bjarte Røssland – Trommer
Knut Karlsen – Bass

Back To Top